spacer document image 1 spacer2
Livsfarleg anleggsarbeid
Effektivisering av byggje- og anleggsarbeid kan vera ein del av årsaka til at anleggsarbeidarane døyr tidlegare enn andre yrkesgrupper.

At det er ein større helsemessig risiko med å vera frisør eller servitør enn med å vera prest eller professor, er vel kjent. 
Men skal det alltid vera slik at yrke og sosial plassering avgjer kor lenge folk skal leva?
- I den norske velferdsstaten ventar vi at dei sosiale skilnadene skal bli mindre, og at dei iallfall ikkje skal auka. Difor er det grunn til uro dersom statistikken viser at store yrkesgrupper ikkje har fått den same reduksjonen i dødelegheit som resten av befolkninga.
Det seier Ebba Wergeland, forskar og spesialist i arbeidsmedisin. 
I det nyaste nummeret av Samfunnsspeilet (Statistisk sentralbyrå) tar ho for seg utviklinga i dødelegheit for ulike yrkesgrupper.

 

Du finner mer om denne saken hos Klassenkampen.