spacer document image 1 spacer2
Noreg med i EUs arbeidsmiljøkontor
Norske myndigheiter, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar får no observatørstatus i styret i ”European Agency for Safety and Health at Work” (Bilbao-kontoret).

Bilbao-kontoret speler ei viktig rolle for utforminga og gjennomføringa av den europeiske arbeidsmiljøpolitikken.
Etter fleire års forhandlingar er det gjennomslag for at EFTA-landa får formelt medlemskap i EU-organet for tryggleik og helse på arbeidsplassen, European Agency for Safety and Health at Work. 
– Eg er glad for at norske myndigheiter saman med partane i arbeidslivet no får mulegheit til å delta i Bilbao-kontorets verksemd, inkludert i styret. 
Det europeiske arbeidsmiljøkontoret er eit viktig organ for arbeidslivets partar som førebur grunnen for den europeiske arbeidsmiljøpolitikken og oppfølginga av han, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

 

Du finn meir om denne saka hos Arbeidstilsynet.no