spacer document image 1 spacer2
Strid om sosial dumping
– Den verste forma for sosial dumping i norsk verftsindustri er arbeidstidsordningane for 
utanlandsk arbeidskraft.

Det er sekretær i Fellesforbundet i Rogaland, Helge Larsen, som seier dette til Aftenbladet.no. 
Han seier vidare at verftet Westcon i Ølen lenge har vore ein flittig brukar av slike rotasjons- og arbeidstidsordningar.
Ordninga inneber ifølgje Larsen at innleigd arbeidskraft, oftast frå Aust Europa, jobbar fire veker før dei får to veker fri. Han hevdar òg å kunna dokumentera at utanlandske arbeidstakarar i denne ordninga hos Westcon jamvel jobbar overtid i tillegg.
–  Denne rotasjonsordninga kan knapt nokon norske arbeidstakarar leva med over tid, seier Larsen. Han viser til at fag som inneber fysisk tungt arbeid som stillas, isolasjon og maling, knapt har rekruttering frå norske ungdommar i dag.

 

Du kan lese mer om sosial dumping i norsk verftsindustri hos Aftenbladet.no