spacer document image 1 spacer2
Blir ikkje sett under administrasjon
Det er ikkje aktuelt å setje klubben til Westcon under administrasjon, konkluderer Fellesforbundet i Rogaland.

Fredag møttest partane til diskusjon vedrørande gjestearbeidarane sine bu- og arbeidsvilkår på Westcon. Det var klubbleiaren sjølv, Bjørn Berge, som tok initiativ til møtet. Distriktskontoret hadde fleire spørsmål på blokka, men sa seg nøgde med svara dei fekk.
- I løpet av møtet har me gått gjennom alt frå A til Å. Me har fått god avklaring på spørsmåla me hadde, og er einig om utviklinga vidare. Det er uaktuelt å setje klubben under administrasjon, seier leiar i Fellesforbundet Sør-Vest, Morten Larsen, til Grannar.

 

Du finner meir om denne saka hos Grannar.no