spacer document image 1 spacer2
Når lønna ikkje kjem
Finanskrisa har gitt ein dramatisk auke i talet på konkursar. Kva skal ein arbeidstakar gjere når lønna brått sluttar å kome inn på kontoen?

Før det kjem så langt som til ein konkurs, har gjerne betalingsproblema og gjelda bygd seg opp. Kundane gjer ikkje opp for seg, bankane stengjer kreditten. Og ein dag kan arbeidstakarane oppleve at lønna ikkje lenger kjem inn på konto til avtalt tid, eller dei får ikkje sjukepengar eller feriepengar dei har krav på.
- Problemet er at arbeidstakarane sjølve må drive inn lønna si. Er grunnen vrangvilje eller konflikt, må dei gå til forliksrådet. Om arbeidsgjevaren manglar pengar, må dei gå til tingretten med krav om at han blir slått konkurs. Men det er det mange som kvir seg for. Dei går og ventar, og håper det beste. Vi har vore borti folk som har venta i månadsvis utan lønn. Dermed risikerer dei også å miste rett til utbetaling frå det statlege lønnsgarantifondet, fordi krava blir forelda, seier trådgjevar i Arbeidstilsynets svarteneste Elin Lind til Arbeidervern.

 

Du finner hele denne artikkelen hos Arbeidervern.