spacer document image 1 spacer2
Fryktar å bli overvaka på jobb
Fleire heimehjelparar fryktar å bli overvaka på jobb etter at ein familie monterte skjult kamera for å avsløre heimehjelparar som stal frå ei eldre kvinne. Heimehjelparane fryktar at også andre kjem til å gjere det same.

– Eg trur at veldig mange vil føle seg utrygge og sjå seg rundt og tenke «blir eg overvaka». 
Det blir ein veldig spesiell arbeidssituasjon, seier Riita-Liisa Koskela i Fagforbundet i Kristiansand til NRK.no.
Det var onsdag det kom fram at ein mann brukte skjult kamera for å avsløre tjuveri hos svigermora si. Bakgrunnen var at familien hadde mistanke om at det forsvann pengar frå lommeboka hennar.
På videobileta ser du tydeleg at personane rotar i veska til kvinna og tek med seg pengar. Nærare 4000 kroner skal vere borte. To heimehjelparar mista jobben. No fryktar Koskela at fleire får den same idéen.
– Vi er veldig skeptiske til det. Dette er arbeidsplassen til offentleg tilsette. Dei må iallefall vite at dei vert overvaka. Det skal ikkje vere hemmeleg, meiner Koskela.

 

Du kan lese mer om overvåking på jobb hos NRK Sørlandet

 

Vil du vite mer om personvern i arbeidslivet? Ta et nettkurs fra AOF i sommer.