spacer document image 1
Illustrasjonsfoto
spacer2
Mor passar på.
Frå biletet på veggen held ho mor auge med sonen mens han arbeidar. Bileta av mor i gullrammer er eit ledd i ein original HMS-kampanje. Mødrene er ikkje tilfeldige kvinner eller modellar, dei er reelle mødre til tilsette i BIS Industrier.

 

 

Direktør Kjersti Gerhardsen trur det av og til trengst nye idear for å oppretthalde HMS-standarden.
- Folk var litt trøtte av HMS-arbeidet, som gjekk i same sporet år etter år. 
Oppmodingar og statistikkar vart registrerte og gløymde. 
Vi var på jakt etter noko heilt nytt, noko med ein heilt annan effekt, fortel Gerhardsen.
Det var eit reklamebyrå som la fram forslaget om bileta av mor. Byrået ville bruke modellar, men BIS Industrier insisterte på å fotografere reelle mødre til dei tilsette. 
Ein fotograf vart engasjert, og mødrene var ikke vanskelege å be.

 

 

Les meir i artikkelen frå Arbeidervern nr 1 2011.