spacer document image 1 spacer2
Nedkøyrd av lastebil
Ein anleggsarbeidar ble send til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse etter å ha blitt rygga ned av ein lastebil i Fatlabergtunnelen.

Mannen, som jobba i Fatlabergtunnelen i Leikanger kommune, vart rygga ned av ein lastebil like før klokka 10 tysdag føremiddag.
- Ulykka skjedde inne i tunnelen. Vi sleit ei stund med å kommunisere med våre folk på skadestaden, då det ikkje er sambandsdekking inne i tunnelen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Rune Biesmans.
Lensmannen i Leikanger vil etterforske saka vidare. 
Arbeidstilsynet er varsla om hendinga, og biltilsynet vil sjå nærare på køyretøyet som var involvert i ulykka.

 

Heile historia om denne arbeidsulykka finn du hos Firda.no