spacer document image 1 spacer2
Kraftig nedgang i sjukefråværet
Sjukefråværet er redusert med 10,7 prosent frå andre kvartal 2009 til andre kvartal i år. Dette er andre kvartal på rad med kraftig nedgang i sjukefråværet.

-Det er ein stor inspirasjon i arbeidet med å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.
Statsråden understrekar samtidig at det framleis er eit stykke igjen til vi har nådd målet om redusert sjukefråvær i IA-avtalen. Målet med IA-avtalen er ein reduksjon i sjukefråværet med 20 prosent frå 2001-nivået. Sjukefråværet er redusert med 9,4 prosent frå andre kvartal 2001 til andre kvartal 2010.

 

Du kan lese mer om den kraftige nedgangen i sykefraværet hos Arbeidsdepartementet.