spacer document image 1 spacer2
Tolv regionale verneombod tilsett.
Sekretariatet for regionale verneombod, som er lagt til Arbeidstilsynet, har nyleg tilsett tolv regionale verneombod som skal jobbe mot hotell-, restaurant og reinhaldsbransjen.

Dei regionale verneomboda startar 1. mars neste år.
Regionale verneombod skal fungere som pådrivarar for eit godt arbeidsmiljø, særleg i små og mellomstore verksemder. Dei regionale verneomboda skal verke på arbeidsplassar som ikkje har valt verneombod, eller oppretta arbeidsmiljøutval (AMU), i samsvar med arbeidsmiljølovas regelverk. Dei regionale verneomboda har same myndigheit som ordinære verneombod, inntil verksemda sitt eige verneombod er på plass.

Dei regionale verneomboda skal ha kontorstad i Arbeidstilsynet sine lokaler i Tromsø, Trondheim, Bergen, Kristiansand og Oslo.

 

For meir informasjon, sjå: http://rvofond.no/