spacer document image 1 spacer2
Inviterer til vidare IA-samarbeid
I møte i Arbeids- og pensjonspolitisk råd 22. september, inviterte arbeids- og inkluderingsministeren partane i arbeidslivet til innleiande samtalar om ny IA-avtale.

- Det vil framleis vere behov for eit nært samarbeid med partane for å styrkje arbeidslinja og eit meir inkluderande arbeidsliv, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Saman med den nyleg gjennomførte evalueringa av IA- avtalen gir måloppnåing på IA-avtalens ulike delmål eit grunnlag for å diskutere utforminga og innretninga på det vidare IA-samarbeidet. 
Det er semje om at ei arbeidsgruppe med myndigheitene og partane under leiing av statssekretær Jan-Erik Støstad i fellesskap skal summere erfaringane med IA-avtalen i inneverande periode, og klargjere og drøfte sentrale premissar for det vidare IA-samarbeidet. Denne diskusjonen vil danne grunnlag for dei konkrete drøftingane om utforminga av det vidare IA-samarbeidet.

Det blir teke sikte på at ein ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv kan tre i kraft 1. januar 2010 skriv AID på si heimeside. Dagens IA-avtale går ut i 31. desember 2009.