spacer document image 1 spacer2
Arbeidstilsynet sjekker unge arbeidstakarar.
Arbeidstilsynet Vestlandet skal i tidsrommet juni, juli og august gjennomføre 100-150 tilsyn med tema knytta til unge arbeidstakarar. Tilsyna vil bli gjennomførte i ulike bransjer med høg andel av unge arbeidstakarar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

- Hensikta med Arbeidstilsynet Vestlandet si aktivitet i sommar er å ettersjå at arbeidsgjevar sørgjer for at unge arbeidstakarar får fullverdige arbeidskontraktar og relevant opplæring som sikrar at dei meistrer arbeidsoppgåvene på ein trygg og god måte, seier tilsynsleiar Kåre Askvik ved Arbeidstilsynet Vestlandet.

Mer om Arbeidstilsynets sommeraksjon finner du på tilsynets nettsider.