spacer document image 1 spacer2
Tar skade av barnehagestøy
Støy i barnehagar fører til høyrselskadar for både barn og tilsette. Ein ny aksjon skal dempe lydnivået og førebygge problemet.

– Hahaha, ler barna i Berg Barnehage i Molde. Når dei ler av full hals skifter lydmålaren frå grønt til raudt. Barnehagen har fått låne eit "lydøyre", ein lydmålar som viser om lydnivået er greitt eller ikkje. Så lenge det lyser grønt er det fint for øyra – vert det gult eller raudt lys betyr det at lyden må "skruast ned". Molde Hørselsforening låner lydmålaren ut som del av den landsomfattande aksjonen "God lyd", og har også frå før fleire lydmålarar lånt ut til ulike barnehagar.
– Bakgrunnen er kartlegging gjort av Arbeidstilsynet og Utdanningsforbundet, som viser at støy er eit arbeidsmiljøproblem i mange barnehagar. Det er dokumentert at 1 av 6 barn i barnehage får øyresus på grunn av støyen, og at 1 av 4 tilsette vert påført høyrselskade på grunn av lydnivået, seier Ragnhild Hals i styret for moldelaget av Hørselshemmedes landsforbund.

 

Les mer om støy og barnehagar hos RBnett.no