spacer document image 1 spacer2
Varmt på jobben?
Det kan vere svært ubehageleg når det er for varmt eller for kaldt på arbeidsplassen. Lov eller forskrifter inneheld ingen faste temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet tilrår temperaturer under 22 gradar C ved fysisk lett innearbeid.

Kortvarig varme- eller kuldebelastning grunna tekniske problem eller ekstrem værsituasjon kan gjere arbeidet vanskeleg eller umogleg. Du har likevel ikkje rett til å gå heim. Dersom du ønskjer pausar, forskyvd arbeidstid eller eventuelt å avbryte arbeidet, må du avtale det med arbeidsgjevaren. Improviserte løysingar for å oppnå varme eller kjøling kan hjelpe noko, f.eks. bruk av vifte på varme dagar.

Les meir om reglane som gjeld på Arbeidstilsynets faktaside