spacer document image 1 spacer2
Møtte rusa på jobb
Då eit nytt arbeidslag møtte i porten på STX Florø, blei fire av dei sett på første fly heim. Dei var fulle.

STX-direktør Kjetil Bollestad er ikkje nådig i sin kommentar til den lite trivelege hendinga:
-Vi har innført eit nytt kontrollregime der vi både tek hyppige stikkprøver, i tillegg til å følgje godt med og teste når det føreligg konkret mistanke. Dette har vi fått full støtte for i Arbeidsmiljøutvalet i bedrifta, og vi gjer det med alle underleverandørar si velsigning.
Det er verftssjefen sin kommentar til hendinga tysdag, der rundt 50 personar blei alkotesta før arbeidsdagen starta på skipsverftet. Inkludert var eit heilt nytt utanlandsk arbeidslag som skulle ha sin aller første dag på jobb i Florø. Det var blant desse at dei fire rusa personane blei avslørte.

 

Du finner hele denne saken om utenlandske arbeidstakere som møtte fulle på jobb hos Firda.no