spacer spacer2
Helsedirektoratet
Helsedirektoratet er eit fagdirektorat og myndigheitsorgan som ligg under Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir etatsstyrt frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Helsedirektoratet skal styrkje den sosiale tryggleiken og helsa til heile befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå.
Direktoratet skal gjere dette med utgangspunkt i rolla som fagorgan, regelverksforvaltar og iverksetjar på helsepolitiske område.
Helsedirektoratet er eit fagorgan både på folkehelse- og levekårsområdet og på helsetenesteområdet. Dette inneber å:

 

  • Ha ansvar for å følgje med på forhold som påverkar folkehelse og levekår og å følgje med på utviklinga i helsetenestene. På dette grunnlaget skal direktoratet gi råd og rettleiing om strategiar og tiltak overfor sentrale myndigheiter, regionale og lokale myndigheiter, helseføretaka, frivillige organisasjonar, privat sektor og befolkninga.
  • Samanstille kunnskap og erfaringar i faglege spørsmål og opptre nasjonalt normerande på utvalde område.
  • Vere ein kompetanseorganisasjon som myndigheiter, ulike sektorar, tenesteapparatet, interesseorganisasjonar, fag- og utviklingsmiljø og medium kan kontakte.

Direktoratet har ei rekkje sentrale forvaltningsoppgåver, mellom anna myndigheit til å bruke og tolke lover og regelverk innanfor sosial- og helsesektoren.

 

Mer om Helsedirektoratet finner du på direktoratets nettsider.