En håndbok som gir fagforeningsfolk viktige redskap for å motarbeide sosial dumping i arbeidslivet. Les mer | ![]() |
Denne fyldige kommentarutgaven vil være et referanseverk for alt arbeid innen arbeidsmiljølovens områder. Les mer | ![]() |
Nesten hver dag opplever engasjerte tillitsvalgte et behov for å kunne mer om økonomi og regnskap. Denne boken er skrevet for å gi dem og andre med samme behov den forståelsen de trenger. Les mer | ![]() |
Studentopptak startet på den første offentlige godkjente fagskole HMS. Les mer | ![]() |
AOF lanserte høsten 2012 ny grunnopplæring arbeidsmiljø hvor krav til kvalitet og fleksibilitet står i sentrum. Les mer | ![]() |
Trenger du basisinformasjon om personvern i arbeidslivet, så er dette kurset for deg. Les mer | ![]() |
–Anbefalingane frå ekspertgruppa vil vere eit viktig grunnlag når regjeringa saman med partane i arbeidslivet over nyttår skal drøfte innhaldet i ei vidareføring av IA-avtalen og eventuelle tiltak for å få ned sjukefråværet, seier arbeidsminister Rigmor Aasrud.
Arbeidsministeren er samd med partane i arbeidslivet om å vurdere betre virkemiddel for å få ned sjukefråværet. Partane støttar m.a. at ekspertgruppa blir oppretta, og skal vere med i ei referansegruppe for dette arbeidet. Ekspertgruppa har fått i oppdrag å vurdere fleire mulige administrative tiltak. Det kan for eksempel vere betre oppfølging av dagens reglar, gjennomgang av ”stopp-punkt” i sjukefråværsløpet, aktivitetskrav for arbeidstakar og ei vurdering av sjukmeldaren si rolle. Vurderingane bør bygge på tidligare erfaringar frå Noreg og andre land, og anna tilgjengeleg kunnskap om sjukefråværsutviklinga og ”drivarane” bak sjukefråværet. Føremålet er å finne tiltak som kan bidra til ein klar reduksjon i sjukefråværet.
Ekspertgruppa blir leia av seniorforskar Arnstein Mykletun ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, og er elles sett saman av forskarar, fastlegar og representantar frå Arbeids- og velferdsetaten og Helsedirektoratet. Gruppas anbefaling skal føreligge 1. februar 2010. Slik kan anbefalinga sjåast i samanheng med drøftingane arbeidsministeren skal ha med partane om IA-avtalen og tiltak mot sjukefråvær, som skal starte i midten av januar og vere avslutta før gjeldande IA-avtale går ut 1. mars 2010.
Du finner hele pressemeldinga m.m. på AIDs nettsider.